Laus sleppt ord deling på vill spor I løpet av dei siste åra har ein skremmande tendens vist seg i det norske språket. Stadig fleir og fleir gjer feil når dei skal skrive ord. Problemet er ikkje stavinga av orda, men å setje dei saman til eit samansett ord. Då vel mange å berre skrive orda slik dei er, kvar for seg, med eit mellomrom skil dei to frå einannan. Dette er etter dei norske grammatikkreglane feil. Dei fleste samansette orda skal nemleg skrivast som eitt ord. Ein kan finne brot på reglane nærast overalt, men dei fleste finn ein i samanhenger kor mannen i gata til dømes skal fortelje at sonen har «fødselsdag selskap», at han skal selje «stereo anlegg» og «mobil telefon», eller at han sende inn ein «jobb søknad». Det er med andre ord ikkje eit problem først og fremst i vitskaplege verk, men eit problem hos alle, hos folket. Det er folket som brukar språket i kvardagen og det er for oss språket er til. Då er det synd om me ikkje skal kjenne vårt eige språk. Det er kanskje ikkje så alvorleg om du skriv feil i personlege brev og meldingar, mottakaren kjenner deg jo på førehand og veit kvaslags person du er. Men om du skal søkje på ein ny jobb, vil du gje eit godt inntrykk av deg sjølv, slik at du kan bli utvald. Då er det ikkje særleg bra å skryte av at du har dårlege norskkunnskapar, noko du gjer om du, bevisst eller ubevisst, skriv ord feil. Om du driv eit firma, er slike feil særleg alvorlege. Eit firma vil helst virke seriøst, solid og til å stole på i forhold til andre kundar og samarbeidspartnarar. Tidlegare hadde ein sekretærar som reinskreiv alle breva frå firmaet. Sekretærar har gode kunnskapar i norsk og språkbruk, og «ord delings feil» var heller sjeldne. Men no har sjefen fått PC og skriv breva sine sjølv, og lagar flotte «salgs analysar» og sender brev om «marknads situasjonen»... Enda grovare feil blir det når firmaet skriv feil på skilt, visittkort og brevark, for å ikkje snakke om når sjølve firmanamnet er feil. Eg kan komme med døme som «Nøkkel Personell» og «Helikopter Service», som begge er lokale verksemder i Rogaland. Når firmaet i tillegg til den grove orddelinga gjer kvart ord stor forbokstav, blir det så feil at eg ikkje veit om eg skal le eller grine. Med all internasjonaliseringa har vi kanskje mista noko av nasjonalkjensla og kontakten med nasjonale verdiar. Vårt eige språk i forfall er ikkje akkurat den beste kuren mot framandgjering og identitetskriser. Det seier seg sjølv at her må ein gripe inn snarast mogleg, og snu tendensane i rett retning. Kva kan du så gjere? I første rekkje kan du aksjonere mot dei som gjer feil. Ikkje at du skal gå i demonstrasjonstog mot «“Viking butikken», men du kan vennleg og høfleg ta kontakt med dei som har gjort feil. Ikkje gløym at det er menneskeleg å feile, og ikkje skjell vedkommande ut. Sannsynlegvis veit han ikkje at det er feil eingong, og vil berre ignorere sure forbanningar frå ein betrevitar, om du angrip situasjonen feil. Ei annan måte å gå laus på problemet er politisk. Du kan melde deg inn i eit politisk parti og prøve å påverke dei til å gjere noko med problemet. Dette kan ta lang tid, men kan òg gje resultat. Det tredje alternativet er å starte sin eigen organisasjon. Eg starta «ord delings feil aksjonen» for berre eit par dagar sidan, og har førebels berre 5 medlemmer, mens heimesider på Internet er i produksjon. Ein slik organisasjon kan ha fleire oppgåver. Til dømes kan han komme med gode råd om å skrive rett, med dømer på dei vanlegaste feila folk gjer. Det er viktig at ungdommen vaknar og tek ansvar for seg sjølv og sitt eige språk. Det er trass alt dei som skal bere framtida vår vidare.